Om

Olav Martin Bråtveit

Brynelunden 26
4340 Bryne
Mob. 416 38 545

Bakgrunn:

Mangesyslar som trivst best med fysiske gjeremål, ute som inne. Friluftsinteressert med turleiarerfaring, tek gjerne med andre ut i naturen. Mest vanleg er tur til fots, eller ski når det er sesong for det, men sidan eg har klatre- og sikringserfaring kan og luftigare turar stå på programmet.

Handverksinteressa har gjort at mykje tid har vorte brukt dei siste åra på å renovera hus. Det meste er sjølvgjort, og eg kan difor hjelpa til med planlegging og gjennomføring av liknande prosjekt. Utstyr som kan leigast om det trengst: Betongsag, industristøvsugar, pussemaskinar, ribbe- og kappsag.

I tillegg har treinteressa ført til innkjøp og bruk av eit mobilt sagbruk (motorsag med stativ). Felling, oppsaging og rydding av tuntre, vindfall o.l. er difor og mogeleg.

Mange års erfaring med heimebrygging gir grunnlag for gode råd om bygg, gjær, vatn og humle sine mange luner.

Fleire års arbeid som modellsnikkar i tillegg til etterutdanning og praksis i DAK-teikning av modellar, maskinar o. l.  Gi lyd om du ynskjer hjelp til å få ideane dine 3-D modellerte!

 

Eirik Bråtveit

Loen 32
4340 Bryne
Mob. 917 33 029

Bakgrunn:

Pensjonist som har bytta ut yrkeslivet som programmerar, med snikkering. Høgg, sagar, turkar, høvlar, sagar og fresar tre for å laga møblar og andre ting i tre. 

———————————————–

Firmainformasjon:  Proff

Konrad heimabryggar

Logg inn